3. kv. 2006 Forvaltningsrapport
21. november 2006
Etter eit kraftig kursfall i siste del av andre kvartal, snudde utviklinga til kursoppgang i dei største internasjonale aksjemarknadene i tredje kvartal. Selskap innanfor telekommunikasjon og energi- og vassforsyning hadde den sterkaste kursutviklinga, mens ein fallande oljepris verka til negativ kursutvikling for olje- og gassektoren. Etter at kursane fall i både første og andre kvartal, var det ein kursoppgang i obligasjonsmarknadene i tredje kvartal. Til og med tredje kvartal har det vore positiv avkastning i alle hovudmarknadene for obligasjonar.
Kursoppgangen i kapitalmarknadene førde til positiv avkastning for alle porteføljar som NBIM forvaltar. Både Statens pensjonsfond - Utland og investeringsporteføljen i Noregs Bank sine valutareservar hadde ei positiv avkastning med om lag 4,0 prosent målt i valutakorga i tredje kvartal. Statens petroleumsforsikringsfond, som berre blir investert i renteinstrument, hadde ei positiv avkastning med om lag 2,5 prosent.